Lov om gravminne er endra slik at det er høve til å ha namn på begge sider av gravsteinen. Det gjeld namna på dei som er gravlagde på same staden. Det fyrste gravminne med namn på begge sider av steinen er no montert i Uskedalen. På den eine sida finn vi namnet Ola Matti Mathisen. På den andre sida er namna på foreldra og besteforeldra til Anne Margrethe Mathisen, kona til Ola Matti.

Ingrid Sundal på Kyrkjekontoret fortel til uskedalen.no at dette er ein god og praktisk måte å gjera det på. Ein slepp store gravminne med mange namn på ei side. No kan ein fordela namna på to sider. Med denne ordninga sparer ein plass og kostnader med festeavgift. Det er såleis ei god løysing i staden for å ha ståande fleire gravminne. Det er meir plass til å skriva inn namna på alle som er gravlagde i den aktuelle grava. Nokon vel å slipa ned og bruka gravsteinen på nytt.

Den fyrste gravsteinen i Uskedaln med namn på begge sider.

Ingrid Sundal presiserer at det uansett er lovpålagd mal for eit gravminne. Det er også lov å sletta graver og få namna overført til ein felles minnestein.

Redaksjonen gjer merksam på at dette innlegget er skrive i samråd med familien.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal