Arne Martin Guddal Husby i Baron Studio driv rammeverkstad i Uskedalen. Sidan opninga for knappe to veker sidan har det vore travelt. Mange har etterspurd og venta på dette tilbodet. No er det endeleg på plass ein rammeverkstad i Kvinnherad. Kundegruppa kjem frå heile kommunen og det er alle former for innramming, stort og smått. Det siste er innramming av signerte te-skjorter med konsertbillettar. Rammeverkstaden i sentrum er open kvar laurdag mellom kl. 11 og 15. Elles er det berre å stikka innom når du ser skilt utplassert ved butikken.

Datastyrt passepartoutskjering.

I Dagestad si tid var det rammeverkstad i Uskedalen. Det er mange år sidan no. I to år har Arne Martin med familien vore ute av kommunen. No er dei tilbake og det er full drift på Baron Studio med mellom anna produksjon og sal av hudpleieprodukt.

Mange av kundane på innramming kjem med kunst, til dømes kjøpt på Galleri G Guddal. Andre ynskjer innramming av kart, teikningar, fagbrev, diplomar og medaljar. Guddal Husby har eit stort utval i rammer. Meir er tinga og kjem inn i butikken med det fyrste. Arbeid med passepartout er ein viktig del av det å driva med innramming. Bruk av eit eige dataprogam gjer at skjeringa vert heilt nøyaktig.

Ein må rekna noko ventetid for å få arbeidet gjort, om lag 1 – 2 veke.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal