Kvart år er det ryddeaksjon i regi av SIM på Snilstveitøy og Skorpo. Oscar Langballe frå SIM Kvinnherad er planlegg og organiserer ryddinga. Alsaker Fjordbruk frå Onarheim på Tysnes hjelper til med å skaffa kranbåt. Hyttefolk og fastbuande må sjølve syta for at avfallet er køyrd fram til oppsamlingsplassen. Avfallet vert sortert som brennbar rest, kvitevarer og elektriske artiklar, metall og anna skrot. Spesialavfall vert samla i dertil eigna dunkar.

Avfallet vert lasta på kaien til Ole Kristoffer Vågen.

Oscar Langballe fortel til uskedalen.no at ryddeaksjonen og transporten gjekk etter oppsett plan. Det vart samla i avtall i 7 konteinarar frå Snilstveitøy og 3 konteinarar frå Skorpo. På Skorpo brukar ein kaien til Ole Kristoffer Vågen. I år var det ikkje med båtskrog, sjølv om det er pant å få på plastbåtar. Børneskaien er samleplassen før transport til SIM sine stasjonar.

Kranfartyet i år var MS NITROX, som tidlegare har vore brukt i Kystverket. NITROX hadde før namnet OLJEVERN 1 og hadde hamn i Ålesund. I dag har NITROX heimehamn på Tysnes. Eigar er Kystarbeid As.

Tekst/nett; Kristian Bringedal
Foto:  Øystein Enæs/ Hans Ordin Østebø