Fastbuande, hyttefolk og andre påskegjester på Skorpo held på tradisjonen med påskfest på påskeafta. Samlinga er i tunet hos Marit og Oskar Langballe, på flata ved flaggstanga der gamlehuset stod. Det er mellom anna lagt opp til grilling, middag og påskerebus. Det vart ikkje tur til Skorpefjellet i år. Årsaka var dårleg ver. Rebusen går ut på å finna Påskeharen. Alle er inndelte i grupper og det er premiering etter middagen. Deltakartalet i år var noko lågare enn i fjor.

Samlingsplassen med fartytelt er på gamle tufter i tunet hos Marit og Oskar Langballe.
Påskerebusen går ut på å finna Påskeharen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Reidar Gramstad