Den årlege øyryddinga på Skorpo og Snilstveitøy - laurdag 27. august.
Kvart år legg SIM til rette for rydding av grovavfall på Skorpo og Snilstveitøy, også kalla Øyrydding. Dagleg leiar på SIM Kvinnherad, Oskar Langballe, er ansvarleg for organisering og gjennomføring. Det vert brukt kranbåt og kontainar på kaiane som vert løfta ombord. Abonnentane må sjølve syta for å få avfallet fram til henteplassen. Tilbodet gjeld berre for privatpersonar, fastbuande og hyttegjester, ikkje næringslivet.
Det vil verta mottak av:
- Elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall
- Anna avfall som ein til vanleg ikkje har plass til i bossekkene,
Snilstveitøy: Laurdag 27. august kl. 09.30 – 12.30 Skorpo: Laurdag 27. agust kl. 09.30 – 13.00
Tekst: Henta frå inoark - SIM Foto: Arkivfoto - Hans Ordin Østebø Nett: Kristian Bringedal