Den årlege friluftskonserten på Stemneplassen, tysdag 6. august kl. 18.00.
Uskedal Friluftslag førebur den årlege konserten på Stemneplassen, tysdag 6. august kl. 18.00. Aktørane er Veteranbandet Uskedal Musikklag, Rustne Menn og Full Rulle. Den siste gruppa er ny og vi gler oss til å høyra dei. Full Rulle er til vanleg ein kvartett med lokale musikarar. Instrumenta er trekkspel, fele, bassgitar og rytmegitar. På konserten tysdag vil dei vera ein trio slik bilete syner. Uskedal Musikklag, som i si tid fekk til denne konserten, er på plass. Det same er trioen Rustne Menn.
På programmet finn vi elles hesteskokasting ( premiering ), vedlotteriet og kiosk. Endringar, dersom det vert dårleg ver, vert kunngjort på Facebook Uskedal Friluftslag og på Uskedalen.no.
Alle inntekt går til utvikling og drift av Stemneplassen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Sylvi Hjelmeland