Demenskor i Kvinnherad med oppstart 3. september i Valen kyrkje.
Saka om demenskor har vore drøfta i mange fora det siste året. På møte i Uskedal Helselag 5. mars var det også tema. Rustne Menn la fram rapport frå seminar i Bergen. Synnøve Solbakken, som har vore pådrivar, var med på møte. Det same var representantar frå Kvinnherad kommune. No er det klart at det vert demenskor i Kvinnherad. Oppstart i Valen kyrkje 3. september kl. 16.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto