Den nasjonale og årlge demensaksjonen går i perioden 16. til 22. september. I Uskedalen går innsamlinga i dag, måndag 16. september, frå kl. 17.00. I fjor vart det sett rekord på landsbasis, heile 7, 5 millionar kroner. Innsamlinga går til forsking og til aktivitetar for dei som er råka av demens, også til familiane deira. Det kan vera samtalegrupper, gågrupper, musikk/rytme som til dømes demenskor. Heile 70 % av innsamla midlar går til forsking. I 2023 fekk 32 forskarar midlar frå Nasjonalforeningen. No har du sjansen til å gje di støtte til ei god sak. Anten kontantar eller ved bruk av VIPPS 501209.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Presse