Innan kl. 19.30 var det samla inn kr. 28 766,-. Då er bruk av VIPPS medrekna i summen. Det er rekord så langt. Bygda er delt inn i 13 roder med 20 bøsser i bruk. Ein person med ei bøsse stod på SPAR. Eit delområde i Herøysundet er med på innsamlinga i Uskedalen. Det er Uskedal helselag som er ansvarleg for planlegging og gjennomføring. I sekretariatet finn vi Selma Eik og Eli Roseth Eik. Midlane går til arbeidet med forsking for å få fram kunnskap om utviklinga av demens frå normal hjerne til den er sjuk. Målet er å koma fram til ei effektiv behandling. Dersom du framleis vil gje di støtte. Bruk VIPPS 501209

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal