
Demensaksjonen 2022 - måndag 19. september frå kl. 16.30.
Måndag 19.9. frå kl 16.30, er de klart for Demensaksjonen 2022, i regi av Uskedal helselag. Jofrid Eik fortel at helselaget har positive bøsseberarar som stiller opp år etter år. Dermed når ein ut til alle husstandane i bygda, og det i løpet av eit par timar. Bøsseberarane tek mot kontantar, men det er og høve å Vippsa på 501209. På førehand takk for di støtte!

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal