30.juli i år skreiv uskedalen.no om kven som hadde ansvar for for linjer på Haugland som ikkje var i bruk, og i tillegg kunne vera fare for trafikktryggleiken. Saka blei også meldt vidare. Etter ein del “slalom” og kontaktar kom meldar endeleg fram til rett mottakar og rett skjema. Ganske kjapt, 17.august, fekk meldar tilbakemelding frå Telenor at det var bestilt befaring fra deira lokale entreprenør Eltel Networks AS. Sist mandag var dei på plass, og gjorde ein god jobb i området rundt Blåhaug. Etter telefonisk kontakt med meldar fjerna dei fleire stolpar. Entreprenøren fortalde at dei berre hadde ansvar for å fjerna linjer med tryggleiksfare medan resten av det ubrukte linjenettet gjekk på eit anna saneringsprogram. Med arbeidet som blei gjort mandag er i alle fall trafikkfaren som linjene forårsaka ved Blåhaug fjerna.
Meldar er godt fornøgd med responsen på meldinga som innheldt bilde og ganske nøyaktig beskrivelse av tilstanden på linjene som hang og slang ved Blåhaug. Derfor er det viktig at slike tilfelle blir meldt inn. Bildet over viser korleis det er no medan bildet under blei sendt med i klagen.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland