Dei siste julebukkane slo like godt til med songen Felix Navidaf. Nær på 50 gjekk julebukk.
Det manglar ikkje på kreatvitet. Den siste julebukkgruppa i Korsneset slo like godt til med å framføra songen Felix Navidaf. Nokre legg vekt på sminke og utkledning. Ikkje alle. Det som før var viktig med å vera ukjend, er annleis i dag. Mange brukar ikkje maske, men står fram utan å vera tildekka. Innøvd song høyrer med. Dei yngste tidleg på kvelden held seg til På låven sitter nissen. Så gjekk det over på engelsk Merry Christmass til den siste Felix Navidaf. Julebukktradisjonen er i endring, men felles for alle besøka er å skapa glede og oppmuntring i nærområde der ein bur.
Tekst/foto/nett: Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal