Etter å ha snakka med mange tilreisande dei siste vekene, har det slått meg at altfor mange kjenner for lite til mange av dei fine mulighetene for småturar her i bygda. Dei som skal på toppturar slik som i Ulvanåso og Englafjell er godt informert, men mange av dei som berre skal ha kortare turar som avkopling i feriedagane, har for lite informasjon. Derfor tar eg med ein liten oversikt over nokre av dei:

  • Over Dønhaug. Rundturen bort Strandstien frå SPAR, opp Geilo ved aktivitetsparken, og vidare opp vegen mot Dønhaug innanfor Auto 88, gjev ein nydeleg utsikt, både ut fjorden og opp dalen, når ein går turvegen over Dønhaug like ved jordet der Festidalen blir arrangert. Denne er mykje nytta. Eigna for barnevogn.
  • Til Skårhaugtoppen. Når ein er i Uskedalen, bør ein gå Norges lågaste topptur, 49 moh. For å finna startpunktet går ein opp Kjerlandssio frå bruo og tar 2. veg til venstre. Den nye turvegen leier så til utsiktspunktet på toppen. Fin tur for alle, – frå barn i barnevogn til eldre. Ned att kan ein velja retur same veg, eller andre alternativ.
  • Til Flåtene. Kan starta enten ved Elins Matleder på Feet eller ved Uskedal Vassverk sitt anlegg på Eik. Frå Feet går det hovudsakleg på traktorveg, frå Eik på tydeleg sti. På Flåtene er det fin gapahuk til bruk som Dugnadsgruppa har sett opp. Turen til Flåtene er godt eigna som ein “rundtur”.
  • Tømmervegen på Døssland/Feet. Den nye tømmervegen er blitt ein favoritt for mange siste åra og gjev ei fin turoppleving med nydeleg utsikt over bygda og dalen. Godt eigna både for barnevogn og eldre. To plasser med benk og bord der ein kan sitja og nyta kaffi, noko å bita i, og ikkje minst den nydelege utsikten. Bildet ovanfor er teke frå området der første benk/bord står.
    Her kan ein også starta ved Elins Matgleder og gå gjennom skogen til endepunktet på vegen. Her kan det også gjerast til ein fin “rundtur”.
  • Skorpefjellet. Frå toppen av øya Skorpo, 237 moh, får vi ein nydeleg utsikt mot Uskedalen og området rundt i Hardangerfjorden. Her er ein avhengig av båt til startpunktet. Viss ikkje ein har båt sjølv, har Rabben Feriesenter 13 båtar til rimeleg utleige til gjestene sine.
  • Klepp. Her kan ein kjøra bil, mot ei lita avgift, til andre svingen i skogsvegen, “Pålavegen”, mot Mannsvatnet, og parkera der. Følgjer vegen, og skilt viser så kor ein skal ta til venstre mot Klepp, og deretter går det ein god sti. På Klepp er det Gapahuk og nydeleg utsikt.
    “Pålavegen” startar ved hovudvegen mellom gardane Gravene og Klammeren på Øvre Haugland.
  • Mannsvatnet. Det går fint å besøkja perla på Hauglandsfjellet, Mannsvatnet, utan nokon stor kraftanstrengelse. Viss ein har firhjulstekk, kan ein kjøra “Pålavegen” til endes, og då er det berre ein kort tur over toppen og ned til vatnet. Viss ein har tohjulstrekk, må ein parkera i 2. svingen, ved Vårstøl, og gå resten.
    Inst ved Mannsvatnet ligg Uskedal Ungdomslag si fine hytte som det er mogeleg å få leiga.
  • Kalkestasjonen. Her startar ein ved bru over Uskedalselva og går på veg inn mot foten av Ulvanåso. Her kan ein også velja å gå ned langs elva, ta til venstre og få ein fin tur gjennom skogen til kalkedoseraren. Godt eigna for rundttur.
  • Fjellandsbøle. Ein tur langs Fjellandsbøvatnet øvst i Uskedalen gjer godt både for kropp og sjel. Ei fantastisk perle som minner oss om idyllen ved eit fjellvatn. Her kan ein velja om ein berre vil kosa seg ved vatnet eller ta turen vidare på traktorvegen mot Leiteshaugane. Frå toppen der kan vi sjå ned til Matre.

Dette var om nokre turmuligheter i Uskedalen. Det er også oversikt her på Uskedalssida under fana Tilbod— Turstiar . Elles er det beste rådet: spør lokalbefolkninga om tips.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.