Dei gamle flytebryggjene er demontert og klargjort for transport.
Laurdag 14 februar var dagen me hadde beslutta å klargjera den gamle flytebrygga for transport. Dagen starta litt trått med måking av brygga før me kunne starta med sjølve jobben. Me var veldig heldige som har fått låna båt med krane og mannskap av MOWI så jobben har gått utruleg greit.

Me starta med måking kl 8 og kl 16 var siste utliggar på plass oppå brygga. Vidar Eidsvik hjalp til med å flytta båtar frå flytebrygga til innenfor moloen på flytebrygga der. Dei som var med på jobben var: Bjørnar Bergstø (MOWI), Leif Jarle Bergstø (UB), Rolf Myklebust (UB) , Harald Koløy (UB og Jostein Hauso (UB).
Det er ikkje beslutta når dei nye bryggene kjem, dei ligg klar på Tysnes og Marinegruppen som er leverandør seier dei ventar på litt mildare ver.
Det er meldt ein del vind, så lurt å ta ein sjekk på fortøyningar hvis du har båt på sjøen.

I følge vedtektene til båtlaget så har innbyggjarane i Uskedalen fortrinnsrett på kjøp av plass i båthavna og det er ledige plassar for tida, så ta kontakt med styret hvis det er av interesse, fyrstemann til mølla.
Kontakt Jostein Hauso på 41242135
Tekst/foto: Jostein Hauso Nett: Kristian Bringedal