Dåpsbarnet Althea saman med konfirmantane på lystenning i kyrkja.
Dåpsbarnet Althea med dåpsfylgje og konfirmantane på lysmesse gjorde sitt til at det var mykje folk samla i kyrkja i dag. Kjetil Kringlebotten var liturg og ved orgelet sat pensjonert organist Reidar Algerøy. Etter inngangsprosesjon og dåp tidleg i gudstenesta var det skriftlesing og lystenning av konfirmantane. Alle las tekstar frå Det gamle Testamentet, vekselvis med at kyrkjelyden song salmen Folkefrelsar til oss kom. Det var ei fin stund i kyrkja. Neste gudsteneste er på juleafta kl. 14.00. Men før det kjem den tradisjonelle julekonserten, neste sundag 11. desember. I tida fram til jul er det også skulegudstenesteog julevandringsprogram for barnehagane.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal