Dansen på holmen i elvo i 1956.
Asgeir skriv: Ein fine laurdag, ein gang på først på -50 talet, baud Uskedal musikklag inn til «utedans» på holmen. Her var rigga til både danseplatting og ei lita bru ut til holmen. Elvo var mest turrlagd på sida mot sentrum, som var vanleg i fine somrar, som det sjølvsagt var mange av før i tida. Eg hadde «panorama» utsikt, frå stoveglaset heima. Trekkspelmusikken strøymde ut over bygdo, folk dansa og lo.Mammo meinte at det var leggjetid, så alt for tidleg. Kanskje ho for på dansen?
Bjørgulv Eik legg til litt informasjon om dansen på holmen nedom Uskedal bru. Den øvste holmen hadde namnet Olderholmen. Holmen nedom var Fitjaholmen. Uskedal musikklag var arrangør. Brua over var laga av bordplater frå Helgheim. Danseflaken var forskalingsmaterialer frå bygginga av Sverre Wang sitt hus i Kleivadalen. Året var 1956.
Dersom det finst bilete frå denne spesielle hendinga, er redaksjonen takksam for lån og skanning.
Tekst: Asgeir Bjelland/ Bjørgulv Eik Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal