Dag Helland er med i gruppe for å sikra bruken av norske ord og uttrykk i medisinske fagspråk.
Dag Helland frå Valen og med fast feriebustad i Uskedalen, er henta inn for å vera med i ei faggruppe med oppgåve om å sikra og vidareutvikla norsk ord og omgrep i medisinske fagspråk. Dag Helland, som er pensjonert professor, er medlem i termgruppa for celle- og molekylærbiologi. Fleire slike fagspesifikke termgrupper har kome i stand det siste tiåret, dei fleste på initiativ frå Språkrådet. Dag Helland er ny gruppemedlem. Han har med lang erfaring god kjennskap til den rivande språklege utviklinga innan fagfeltet bioteknologi. Dag Helland er nynorskbrukar. Han vil særleg sjå til at målforma nynorsk vert ivareteken og brukt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Skjermdump - Paul S. Amundsen