Denne saka kan gå inn under kategoriane nyhende og lokalhistorie. For kor mange av lesarane våre visste at Uskedalen har hatt eit godt og aktivt handballag?
Ei av undergruppene i den lokalhistoriske gruppa som er i arbeid, arbeider med å henta fram minne frå historia til Uskedal idrettslag for å sikra det til eit lokalhistorisk arkiv. Som eit ledd av dette, har vi snakka med Eva Myklebust som var svært aktiv på handballaget i etterkrigsåra. Vi er også svært interessert i å koma i kontakt med personar som har stoff frå idrettslaget si historie. Det er berre å ta kontakt med Astrid og Pål Haugland eller Thor Inge Døssland. Bilde er også av stor interesse.
Bildet over viser nokre av spelarane då dei reiste med båt til bortekamp i Skånevik.

Dei spela saman på handballaget i etterkrigsåra, og er framleis gode venninner, Eva Myklebust(t.v., 93 år) og Kari Hermansen(96 år).

I åra etter krigen var det eit aktivt handballag i Uskedal idrettslag. Eva Myklebust (f.1928) var med på dette laget, og den seinare gymnastikk- og formingslæraren har gode minne frå denne aktiviteten.  Ho fortel at ho var ivrig spelar på laget frå 1946 til 1949. Treningane føregjekk på grusen på fotballbanen på Heio, og dei trente to gonger i veka i sommarhalvåret.
-Vi sykla opp til Heio. Eg hugsar at Annlaug(Myklebust i Myro) og eg ofte sykla rundt for å hanka med dei andre til treningar. Vi var nok kanskje dei ivrigaste.  Viss det var fint og varmt ver, sykla vi rett til Sandakaien etter treninga og stupte uti, mimrar Eva om korleis ramma rundt treningane var.
På spørsmål kan ho også fortelja at dei hadde trenar i periodar.
– Sivert P. Haugland trente oss ei stund då han var heime. Det var nok litt tilfeldig, trur eg. Eg trur ikkje at han hadde nokon avtale.
Eg spør om dei spelte kampar, og eg blir overraska over kor aktive laget må ha vore.
– Ja, vi var med i serie og spelte kampar både heime på Heio, og vi reiste vekk. Vi hadde ikkje drakter men vi prøvde å kle oss i kvitt, – bluse og shorts.
Ho fortel vidare at dei prøvde å skaffa seg drakter.
– Vi søkte, og vi fekk dei godkjent. Den skulle vera grøn og kvit, same fargar som mennene hadde på fotballdraktene, – det som har vore Uskedal idrettslag sine fargar heile tida.
Eva fortel vidare at det hadde ein tilstellning i Helgheim for å skaffa pengar til draktene.
– Vi fekk Toren på Neset(Tor H. Myklebust) til å laga stor flott plakat, og den blei hengt opp på Helgheim. På den stod det at det skulle vera turnoppvisning, men turnoppvisning stod i gåseauge. Eg sat og selde billettar, og eg hugsar Kinten(Edvard Trampe Kint snr.) kom på tilstellningen. Han hadde sett det var turnoppvisning. Han var så interessert i turn og var i turnklubb i Bergen. Eg sa til han at eg trur du blir skuffa, men han gjekk no inn. Og ingen lo meir enn han, sa dei som var i salen, hugsar Eva frå førestillinga og fortel vidare at dei hadde fått Toren på Neset til å teikna masker som dei hadde i nakken. Dei hadde også på seg side bunadsskjørt og stod med ryggen mot salen.  Dei fire på scenen gjorde gymnastiske bevegelsar til musikk som kom frå grammofonen som Haldis Kkrokeide(f. Myklebust) styrte.
– Det såg faretruande ut, og det var mykje latter og applaus som kom frå ein heilt fullsett sal, fortel Eva og ler sjølv godt når ho tenkjer tilbake på dette.
– Eg hugsar ikkje noko anna program, men det var selvfølgeleg dans, og det kom inn godt med pengar, legg ho til, men ho fortel at det likevel ikkje blei noko av det planlagde draktkjøpet.

Bildet er frå ein tur der både handballaget og fotballaget spela mot Skånevik. Det var Toralf Myklebust som frakta dei med “Føyk”. På bildet ser vi framanfrå: ukjend, Oddborg Strømmen(g. Myklebust), Kari Myklebust(g. Hermansen), Eva Møklebust(g. Myklebust), Annlaug Myklebust(g. Skjelnes), og den bakerste kjenner vi ikkje namnet på.

Med bortekampane blei det også ein del reiser.  Då reiste dei ofte saman med fotballaget som hadde bortekampar på dei same stadene.
– Eg hugsar at vi spelte mot Odda, Valen hadde vi mange kampar mot, og vi var til Ølen, vi var til Etne og Skånevik, men eg er usikker på om vi var til Stord. Når vi reiste ut av kommunen, reiste vi som regel med  snekka til Arne på Sanden(Myklebust). Då var det ofte vi hadde motorstopp.  Vi blei liggjande bortpå Stølavikjo  til dess han fekk fiksa det, og så fòr vi av garde.  Torolf Myklebust frakta oss forresten ein gong vi var til Skånevik.  Eg meiner at båten hans heitte «Føyk».
Eg hugsar godt ein gong vi reiste til Ølen, og då måtte vi overnatta. Gutane måtte liggja i ei løe, mens vi jentene blei plasserte rundt hos folk der.  Eg og Ruth Eik(på Tveitane) blei plasserte hos urmakaren. Der blei vi plassert i ein alkove, det var berre ein gardin imellom. Og plutseleg då vi hadde lagt oss, begynte gardinen å bevega seg. Då sa eg til Ruth at no står eg opp og går.  Ho blei med, og vi fann no den løa som gutane låg i og fortsette natta der, fortel Eva og ler godt av situasjonen no.  Urmakaren hadde visst lyst til å fortelja dei om familien sin som ikkje var heime den helga.
– Eg tenkjer på det når eg ser det huset kvar gong når vi kjører forbi.

Fotballaget og handballaget reiste ofte saman. Her ser vi Torvald Sunde som spela på fotballaget i mange år ombord i “Føyk”

I tillegg til Annlaug Myklebust (i Myro) og Ruth Eik (på Tveitane) som alt er nemnde, hugsar ho Kari Hermansen(f. Myklebust), Haldis Krokeide(f. Myklebust), Edith Kjærland (f. Feet), Oddborg Myklebust(f. Strømmen) og Ragna Hjelmeland(f. Langballe) var med på laget. Ho nemner også Ninni som var hos Arnesen. Ho meiner fru Arnesen var tanten hennes.  Ho trur etternamnet var Svendsen, det var i alle fall eit sen-namn. Ein sommarsesong hadde Ninni også med seg ei som var hushjelp hos Arnesen.
– Men vi var jo mange fleire. Vi var 11 spelarar på banen i kampane.  Vi spelte på vanlege fotballbanar(grusbanar) og brukte også fotballmål.
Eg spør om korleis det var med utstyr, om dei måtte spleisa på det eller om dei fekk av laget.
– Nei, eg trur vi fekk av laget. No er det jo spesielle handballar, men vi brukte ein større ball. Eg trur det var ein vanleg fotball, og den same som gutane brukte. På den store banen blei det mykje springing, men mål fekk vi, seier Eva og fortel at Uskedalen var ganske gode sjølv om det hende at dei tapte og.  Eva var for det meste utespelar, men det hende også at ho måtte steppa inn som keeper.

I og med handball var ein uteaktivitet på den tida, føregjekk det kun i sommarsesongen. Om vinteren hadde dei andre treningar.
– Vi hadde jo gym i Helgheim. Det var ei dame som stod på butikken som budde nede hos Jakoben(Jakob Myklebust) som var instruktør i gymmen. Ho var veldig flink. Og så var Maren på Sanden(f. Myklebust) instruktør.  Ho og var veldig flink, ho hadde vore med i by`n. Eg trur ho var med og spelte handball og viss ho var heime.

Så vidt ho hugsar var det ikkje handballag i andre bygder enn Uskedalen og Valen i Kvinnherad på den tida.  Kor lenge handballaget eksisterte, er ho usikker på.  Ho reiste vekk i 1949, men ho meiner det fortsette litt etter det, og nemner Marit Gundersen(f. Bringedal) som ei av dei som tok arven vidare.

Eva Myklebust som har fortalt oss om handballaget fotografert under ein tur til Skånevik.
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Åse Neset og utlånt frå Eva Myklebust sitt album.