Cruisestrategi for Kvinnherad 2021 – 2030 ligg ute på høyring. Fristen for å koma med merknad er alt i morgon, onsdag 13. januar. Dokumentet er ein del av temaplan for reiseliv, som igjen sorterer under ein overordna plan for næringsutvikling i Kvinnherad. Vi kan alt no sei at planen er gjennomtenkt og at mange av tiltaka er aktuelle for ei bygd som Uskedalen med sine natur- og kulturattraksjonar.

Ein cruisestrategi for Kvinnherad har sitt grunnlag i FN sine 10 prinsipp for ei berekarftig utvikling av reiselivet. Vi finn ein klar samanheng mellom visjon, mål og tiltak eller det i planen vert kalla produktutvikling.

Eit av fleire miljøkrav er at innseglinga til Kvinnherad skal ha låge utslepp eller vera fri for forureinande gassar. Ein vil avgensa cruisetrafikken med mellom anna makstal gjester pr. dag til 600 personar. Planen legg opp til å bruka større deler av kommunen for å skapa opplevingar og på den måten la lokale verksemder bruka cruisetrafikken for inntening.

SoSommaren 2020 var det mest berre SEADREAM 1 og 2 å sjå i Uskedalen. Skipa er like bortsett frå at skip nr. 1 her har antenna bak masta, skip nr. 2 har antenna framom masta. Bilete er då begge skipa hadde avgang Rosendal på same dag og tid.

Frå det som er skrive om produktutvikling les vi at Rosendal Hamn er den sentrale cruisehamna i regionen, men ein skal vera open for å sjå på andre hamner og destinasjonar i Kvinnherad. Toalett, skilting, infomateriell, transport, parkering er viktig i arbeidet med å betra infrastruktur og logistikk.

Uskedalen peikar seg klart ut som eit turmål for cruisegjester, både med tanke på natur- og kulturopplevingar. Plassen ligg strategisk til i fjordbassenget med Hardangerfjorden, Storsund, Skorpo og sjølve dalen med fjella rundt som viktige naturelement. Så lenge cruiseskipa ikkje kan gå til kai i Kvinnherad, er Uskedalen ein fullgod plass for oppankring og tendring.

Nokre føresetnader vert lagt til grunn om ein skal lukkast med å skapa ei reiselivsnæring med cruiseturisme:

  • Det vera ein organiasjon med klare ansvarsoppgåver som vidareutviklar og gjennomfører tiltaka.
  • Organisasjonen må ha eit budsjett med finansieringsplan.
  • Aktørane må visa solidarisk ansvar og støtte i planlegging og gjennomføring av tiltaka.
Motivet syner SEADREAM med Ulvanoso i bakgrunnen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs /Morten Nygård - Grenda.