Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte på Husnes 11. mars. Senioruniversitetet har fått Henriette Christie Ertsås frå Forskning Til Folket til å fortelja om covid-19, vaksinering og vaksineskepsis. Ertsås har doktorgrad i kreftforskning og hovedfag i virologi, forutan ein master i drama, noko som gjer at ho er godt eigna til å formidla avansert naturvitenskap til folket.

Du treng ikkje vera vaksinemotstandar for å velja plass bakerst i koronavaksinekøen. Vaksineskepsis er forståeleg og då må ein bruka tid på å forklara at vaksinen er bra for deg.

Ved hjelp av metaforer, du kjenner frå kvardagen, forklarer Forskning Til Folket kvifor Covid-19 er farleg for mange eldre, mens barn flest knapt opplever ubehag i det heile. Du får sjå korleis eit mutantvirus er annleis og kva som skil dei ulike vaksinene. Antistoff, antigener, T-celler og B-celler vert forklart.

Immunreaksjon handlar om molekyler som vert dregne saman og om molekyler som kjem mellom og hindrar dei å bli bundne saman, om lag som relasjonen er mellom menneske.

Smittevernreglene gjeld og det er avgrensa plassar. Det er gratis inngang, men
ingen servering.

Etter foredraget blir det årsmøte i Kvinnherad Senioruniversitet.

Tekst/foto: Utdrag frå pressemelding
Nett: Kristian Bringedal