Christoffer Fossli vart på årsmøte i Uskedal Idrettslag 24. mars attvald som leiar. Alle i styret tok attval. På årsmøte vart det orientert om arbeidet med utviding av Aktivitetshuset. Detalj reguleringsplan er venta å vera klar for høyring før sommarferien. Då vert det skipa til ope møte, også med høve til å koma med merknader om innhaldet i bygget.

kb