Carsten Mrusek er tilsett som sokneprest i Eid og Fjelberg sokner, men også med teneste i Åkra. Mrusek har sidan hausten 2020 vore sokneprest i vikariat i Uskedalen, Ænes og Åkra. Har har i denne perioden hatt permisjon frå stillinga si i Ullensvang med teneste i Røldal og Skarde. Det var Carten Mrusek fortalde dette på presentasjonsgudstenesta i Uskedalen i kveld.

Familien Mrusek har i dag bustad i Jondal. Han fortel til uskedalen.no at dei no ser seg etter hus i Kvinnherad, helst i ytre luten. Kona hans er tilsett som barnebibliotekar på Kvinnherad Bibliotek på Husnes.Det er ikkje sagt noko enno om kva som skjer med stillinga i Uskedalen. Det er Prosten i Sunnhordland som truleg kjapt kjem med framlegg om anten utlysing av fast stilling eller tilsetjing i vikariat.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjersti B. Boge