Fredag for ei veke sidan la betelskipet ELIESER 6 til kai i Uskedalen. Uskedalen er fast stopp minst ein gong i året. Camilla Myklebust var mannskap frå november 2919 til juni 2022. Ho var i byssa, song og hadde andakter ombord. På fredag fekk ho eit gildt møte med mannskapet. Camilla hadde gitaren med og gjekk rett inn i den rollen ho hadde ombord. ELIESER 6, bygd i 1980 og innkjøpt av Den indre Sjømannsmisjon i 1992 går på heile kysten frå Flekkefjord i sør til Alta i nord. Mest kvar kveld er det møte med song, andakt, tale og eit kveldsmåltid med innlagd loddsal. Camilla skriv og framfører eigne tekstar. Ho syng godt og er trygg i framføringane sine.

ELIESER 6 la til kai i Uskedalen fredag for ei veke sidan.

Mange minnest dei mange Elieser båtane. Nr. 4 i rekkja var bygd på Gravdal skipsbyggeri på Sunde i 1938 – 39. ELIESER 5 var ein ombygd engelsk minesveipar og var i teneste for misjonen i berre 15 år.

Camilla møter skipper og matrosen på ELIESER 6, dei ho jobba med i nær på tre år.

Det faste mannskapet er skipper, maskinist og matros. I tillegg kjem ein person i byssa og ein forkynnar. På møte i Uskedalen var Thomas Kjær Olsen forkynnaren. Han har også i periodar vore sekreter i Bjørgvin krets. Den indre Sjømannsmisjon, skipa i 1880, driv diakonalt og evangeliserande arbeid for sjøfolk og fiskarar på kysten. Ved Lofotfiske ligg dei i fleire veker til kai i Henningsvær, har faste møte og sel middag ombord til fiskarane.

Frå Uskedalen gjekk turen til Norheimsund og neste dag stod Holmefjord på programmet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Øystein Enæs