
Cafe Fjelly vart ein suksess!
Laurdag såg Fjelly gjengen at vêrmeldinga for palmesøndag var strålande, kva med å lage til ein pop-up-cafe på Fjelly? Laurdag ettermiddag og kveld vart det annonsering på FB og uskedalen.no.

Fjelly gjengen fylte sekkene med ingrediensar til ulike bakverk, nye omnen måtte jo testast 😊 Forventningane om besøk var ikkje så høge på førehand, men allereie 11.30 var dei første gjestene på plass. Etter oppteljing i gjesteboka hadde det vert 25 innom cafe Fjelly.

På menyen var det mellom anna muffinskake og eplekake steikt i nye vedomnen på Fjelly. I tillegg var det både tørre og ferske vaflar. omsetninga gjekk godt, men sidan det ikkje er dekning ved Fjelly, vart dette ein samvittighets-cafe. Vippsnr. til Fjelly/Ungdomslaget er 572076. Alt går sjølvsagt til hytta

Med strålande sol og mest heilt vindstille, vart det flott påskestemning ved Fjelly i dag, drøsen gjekk godt rundt borda ute på tunet, nokre hadde også funne benken i sørveggen.

Fjelly gjengen vil nytta høve å retta ei stor takk til Karsten Haugland for bæring og Pål Haugland for transport av nye batteri til Fjelly. I dag fekk vi også køyrt ned dei gamle batteria.

Stor takk også til Mari Haugland for den store boksen med tørre vaflar, ho lag til kafeen i dag.
Spontan pop-up-cafe på Fjelly vart ein suksess, Fjelly gjengen takkar alle som tok turen til Fjelly i dag.

Tekst/Foto/Nett: Hans Ordin Østebø