Etter at ein del abonnentar hadde vassutkopling på tirsdag, har lesarar etterspurt kva arbeid som har blitt gjort. Hans Reidar Kjærland fortel at det er lagt om lag 100 meter med ny hovudvassleidning. Den nye leidningen går frå like nedanfor huset til Bjørgulv Eik nedover svingen i Eikevegen ved Nils Eik. På bildet over ser arbeidet som er gjort frå denne svingen og oppover.

Arbeidet starta like nedanfor Bjørgulv Eik sitt hus.

Kjærland fortel at det var planar om å leggja ny hovudvassleidning ned til Eikebrua. Når ein no likevel skulle leggja vassleidning inn til huset Astrid og Bjørnar Kristoffersen Berli skal byggja, valde vassverket å slå “to fluger i ein smekk.” Det er Br. Musland Maskin AS som har gjort arbeidet. Kjærland seier at dei reknar med at siste stubben ned til Eikebruo vil bli lagt til våren. Då vil hovudvassleidningen vera relativt ny heilt inn til Grano.

Verforholda var litt vanskelege under arbeidet, og det medførte at det blei ein del skit i vegen, noko Kjærland beklagar. Han seier òg at det er såpass seint på året at det ikkje er mogeleg å få sådd før vinteren.

Til våren vil også arbeidet med nytt og forbetra vassinntak frå Eikeelva bli gjort. Grunneigarane vil få meir informasjon om dette.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland