
C C Cowboys opna årets Festidalen - mykje folk, meir strøymer på.
Då er Festidalen i full gang. C C Cowboys skuffar ikkje. Dei er tilbake i Uskedalen og tek publikum med storm. Neste ut Tobias Steen og deretter Skaar. Begge artistane kjem frå Stord. Det er mykje folk i bygda. Parkeringa i sentrum er som vanleg kaotisk. Ein må bere sjå til at ingen er sperra inne og at naudetatane kjem fram dersom noko uventa skjer. Vermeldingane er gode i kveld. I natt kjem det inn eit lågtrykk med regn, men dersom det vert slik Yr.no melder, vil det letta opp alt på føremiddagen i morgon.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat/ Festidalen