Byggesteg 1 - turveg i Skårhaug er ferdig.
I dag var det ei lita samling i Skårhaug der Uskedal Friluftslag kunne markera at den fyrste delen av turvegprosjektet er ferdigstillt og klar for bruk. Det var julegjester frå Oslo og Bergen som fekk gleda av å gå den 150 meter lange traseen rundt toppen av Skårhaug. I tillegg kjem nokre korte avstikkarar fram til gapahuken og opp på sjølve toppen der TV masta står. Bilete: F.v Ove Magne Myhre og Audun Eik frå styret saman med Stian Haugland i Haugland Maskin.
Det er Haugland Maskin som har hatt oppdraget med graving, fylling av massar og grusing. Etter ei vurdering av terrenget fann Tor Ove Haugland traseen utan spenging og inngrep i naturen. Tilkomsten frå Byggefeltet Skårhaug sør går slik det er føreskrive i reguleringsplanen før utbygging. Turvegen vil letta tilgangen for framtidig vedlikehald av den det store arealet Uskedal Friluftslag i si tid fekk i gåve frå familien Wilhelm Bjelland. Turvgane vil også føra til auka bruk og dermed betre folkehelse.
Byggesteg 2 vert å føra vegen ned til sceneplassen, parkeringplassen og tribuneanlegget. Arbeidet vert gjort når prosjektet er finansiert. Så langt at Friluftslaget motteke kr. 80.000,- i gåve frå SpareBank 1 stifting Kvinnherad. All rydding og klagjering er gjort på dugnad. Arbeidet med vegetasjonspleie held fram slik at Skårhaug vert det utsiktspunktet alle ynskjer.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal