Den 26.august kan de sjå mange av dei gode tilboda bygda har å tilby frå bedrifter, lag og organisasjonar.

Laurdag 26. august mellom kl. 11-14 kan ein ta turen til skuleplassen og aktivitetshuset for å sjå mange av bedriftene, laga og organisasjonane ein har i bygda. Det blir også stand, salsboder og musikalske innslag.

Vi håper den nye pumptracken og rulleløypa er klar til bruk, og får si offisielle opning. Her er med andre ord noko for alle aldrar å finna på.

Om det er nokon som kan hjelpe til med diverse oppgåver denne dagen er vi i LivOGLyst takksame. Ta kontakt med oss på messenger eller send ein SMS til Kari på 99129268.

Foto: LivOGLyst
Tekst/nett: Kari Bråtun.