På turen opp Pålavegen på laurdag fekk eg spørmål om namnet på busken med raude og svarte bær som veks på oppsida av vegen like nedanfor første svingen i skogsvegen.
– Du tar det nok på strak arm, sa han som spurde, og visste tydelegvis lite om den sparsomme planteartskunnskapen til underteikna. Men sjølvsagt måtte vi finna ut av det. Såpass må vi ta interesserte lesarar på alvor.

Då eg kom ned til busken, klarte eg sjølvsagt ikkje å bestemma namnet. Eg såg at bæra var grøne som knytingar og utvikla seg vidare til raude og seinare svarte bær. Både bæra og forma på blada minna om hegg. Men medan heggebæra er steinfrukter var dette bærfrukter med mange frø inni. Dessutan kunne eg ikkje registrera den karakteristiske lukta av hegg.

På trollheggen i Pålavegen er det både raude og svarte bær. Trollheggen har mykje til felles med older, men av utsjånad synes eg den liknar meir på hegg.

Løysinga blei ein telefon til ein annan kjent Pålaveg-turgåar som har botanikk-kunnskapar på eit heilt anna nivå. Svaret kom kjapt!!
“Trollhegg. Latinsk namn er Frangula alnus på grunn av likskap med older.” Omsett til norsk betyr det latinske namnet “skjør older”.
Slik det står no med bær, synest eg den liknar meir på hegg enn på older. Eg syns både bær og bladform liknar. Det stemmer også overeins med det som står i oppslagsverk. Det norske namnet har den nok fått fordi den var mindre nyttig enn vanleg hegg. Planter som blei sett på som unyttige fekk ofte namn som inneheldt hund, katt, ulv eller hest, ja, endåtil troll.

Eg burde sikkert visst kva den heiter, for trollheggen er relativt vanleg. Både bæra, som blir kalla hundebær, og resten av planten er giftig, og den har eit ry som medisinplante. Heilt frå mellomalderen blei det laga te av borken, brukt som avføringsmiddel. Borken bør lagrast minst eit år før bruk. Frisk bork gjev nemleg bivirkningar som kvalme og oppkast.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.