Eventyraren Anders Kråkevik er klar for å sjå Noreg frå lufta, frå Nordkapp til Lindesnes. Framdrifta er paraglider og propell på ryggen. Anders bur til vanleg på Eikelandet Brygge Det er andre gongen han prøver på dette stuntet. Turen vert filma og truleg lagt ut på Netflix. Turen går etappevis og reisa vert presentert som ein serie. Med seg har han eit team som føl reisa anten i bil eller båt.

Anders Kråkevik fortel til Grenda at ein slik tur ikkje kan gjennomførast åleine. Landing med paraglider på dårelge plasser krev hjelp. Hjelparane vil vera på utsida av sjølve produksjonen. Filminga vil få eit personleg preg med dokumentasjon under vegs. Dersom ein plass eller eit gardstun verkar interessant, landar han og gjer seg kjend med folket.

Anders Kråkevik har lang erfaring frå anleggsbransjen. Han har tileigna seg kunnskapar og kompetanse som kjem godt med for å løysa uventa problem. Tanken om å reisa Noreg går 20 år tilbake i tid. Den gongen handla det mest om sjølve turen. No er filminga ein viktig del av prosjektet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jorun Larsen - Grenda