Ein lesar melde i føremiddag frå om at det var brunt vatn i Djupehølen i Uskedalselva. Det var så tett at det var heilt uråd å sjå botnen. Lesaren er svært godt kjend i elva, og han kunne ikkje seia noko om kva som kunne vera årsaka til det brune tette vatnet. Det var heller ingen aktivitet i nærområdet som kunne ha forårsaka det.
Då underteikna var på plass ved Djupehølen var vatnet i sjølve hølen framleis brunt og tett. Eg kunne på ingen måte sjå botnen. Eg la merke til at det var svært lokalt, for både like ovanfor hølen og nedanfor var vatnet svært klart og botnen heilt tydeleg.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland