Med jamne mellomrom får vi meldingar frå folk som likar å gå tur, at dei får turen øydelagt av å trakka i hundeskit. Denne gongen er det særleg ved gang- og sykkelvegen frå Korsnes mot Uskedalen det gjeld. Fleire seier at dei likar å gå utanfor asfaltkanten der det er mogeleg, men dette er vanskeleg, for den siste tida har det vore mykje hundeskit i vegkanten. Det er nok få hundeeigarar som står bak problemet, men det går ut over heile gruppa. Derfor er oppfordringa at alle hundeeigarar tar med seg den berømte hundeposen. Dette gjeld også andre turvegar som er mykje brukt!!

tid