Brudevigsle, gudsteneste, dåp og møte - alt på den same helga.
Vi går ei aktiv kyrkje- og møtehelg i møte i Uskedalen. Det er brudlaup i bygda og Synnøve Teigelid og Dan Adrian Odden vert vigde på laurdag kl. 14.00. Sundag kl. 11.00 er det både gudsteneste med dåp i kyrkja og møte på Bedehuset, faktisk på same tid. Då kan ein velja om ein gå i kyrkja eller i bedehuset. Uskedal Bedehuseforsamling har sine faste møte fyrste sundagen i månaden.
Det er Kjersti Brakestad Boge som er prest både på laurdagen og sundagen. Rebekka Attramdal er organist. I brudlaupet til Synnøve og Adrian med vigsle i Uskedal kyrkje vil det vera soloinnslag av Ingebjørg Eik. Synnøve kjem frå Skorpo i Uskedalen. Dan Adrian er frå Trømsø. Brudlaupet er lagt til Verthuset Perla.
Det er Gunnar Kjærland som er talar på møte i Bedehuset. Det er lagt opp til sundagsskule i kjellaren i den tida møte varer.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal