Oppdatering: Vatnet er no tilbake, og Hans Reidar Kjærland opplyser at dei no har sett vatn frå ein krane på renning i båthamna. Dette er gjort sidan det er lågast punktet, og dei ønskjer at eventuelle ureinheter etter reperasjonen skal komma ut der. Ingen må stenga den kranen!
Hans Reidar Kjærland, leiar i Uskedal vassverk, melder ca. kl.15.10 at det har blitt brot på hovudvassleidningen etter gravearbeid i nærleiken av huset til Knut Andreas Myklebust. Dermed er vatnet vekke hos abonnentane som bur innover i bygda. Det er venta at reperasjonsarbeidet vil ta eit par timar.

tid