På NM i fritidrett på Askøy fekk Håkon Eik Litland ein 3. plass i slegge. Håkon kasta 65,21 meter. Personleg rekord er 65,24. Det er eit stykke fram til nr. 1 og nr. 2, Mardal og Henriksen. Håkon er 24 år og deltek for Laksevåg. Besteforeldra, Liv og Audun Eik, var på Askøy. Dei sat på tribuenen og fekk med seg meisterskapet og premieutdelinga.

Besteforeldra frå Uskedalen føl nøye med då Håkon kasta slegge.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Audun Eik/ Skjermdump frå NRK 1