For om lag eitt år sidan gjekk Brødrene Musland Maskin AS sigrande ut av anbudsrunden om eit større vegprosjekt på Husnes. Det gjeld veg til eit nytt bustadområde ved Lonavegen, i bakkant av der som Coop Ekstra-bygget ligg. Det var 10 firma som deltok i anbudskonkurransen. Ved evalueringa av tilboda der pris og prosjektorganisajon blei vekta, scora Uskedalsfirmaet høgast med 9,4 av 10 poeng. Kontrakten var på ca.12,3 millionar kroner. På bildet over ser vi arbeid like ved Coop-bygget.

Frå noverande Lonavegen går den nye vegen mot Undarheim gamle skule.

No nærmar prosjektet seg ferdigstilling, og dagleg leiar Roar Musland seier at arbeidet har gått etter planen, og han fortel at samarbeidet med byggherren, Kvinnherad kommune, heile tida har fungert svært godt. Arbeidet starta opp 10.mai i fjor, og det blir bygt 500m med ny tofelts veg med fortau og teknisk anlegg.
– Dette har vore ein bra stor jobb for firmaet. Arbeidstokken som var jobba der dette knappe året, har variert frå 2 og opp til 5-6 personar. I løpet at våren skal det vera ferdig asfaltert og klar til ferdigstilling, fortel den daglege leiaren i Brødrene Musland Maskin AS som no har 8 fast tilsette og ein lærling. I tillegg har dei hatt 2 innleigde.

Roar fortel at firmaet for tida har bra tilgang på arbeid og nemner at dei mellom anna arbeider med eit vatn- og avløpsprosjekt på Ænes. Ganske snart skal dei i gang med eit hyttefelt i Sveio, og når snøen forsvinn skal dei til Seljestad og arbeida vidare med hyttefelt der slik dei har gjort i fleire sesongar.
– Det er bra med tilgong på arbeid, men vi kunne tenkt oss nokre litt større prosjekt som går over litt lengre tid, avsluttar dagleg leiar Roar Musland.

Brødrene Musland Maskin AS har hatt svært god utvikling, og var i 2020 det firmaet i Uskedalen som hadde nest størst omsetning. Berre Spar Uskedalen(Nilsen Handel AS) var større, og entreprenørfirmaet var ein klar nr.2. Felles for desse to firma er at dei har svært fornøgde kundar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland