Entreprenørfirma Brødrene Musland AS frå Uskedalen er tildelt ein større kontrakt i samband med bygginga av ny barneskule på Husnes. Hovudentreprenør Consto AS har avtale med Musland om grunnarbeidet. Løyve vil vera på plass i denne veka og arbeidet med rydding og graving kan ta til alt i neste månad. Maskinfirma frå Uskedalen har dei siste åra hatt fleire større oppdrag, mellom anna byggefelt på Husnes, Erslandsparken og vegarbeid på Halsnøy.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto