Etter mange års arbeid i SKL og i entreprenørfirma G. Røssland er ikkje helikopter ukjend for Torgeir Feet. Det var likevel utventa og overraskande då eit Norhelikopter frå Bergen landa i tunet på Tresshaugen tysdag i denne veka, på sjølvast Torgeir sin 75 års dag. Det var sonen Johannes og barnebarnet Sindre som ville heidra jubilanten med ein helikoptertur over fjella i Uskedalen. Dei var også med på turen.

Tysdag 2. februar kl. 15.00 kom helikopteret inn for landing, Denne gongen var det ikkje, slik mange trudde, flyging langs høgspenten som går i linje nett ovom tunet i Tresshaugen. Det var helikopter som hadde vore på oppdrag i Sunnhordland og som kom til Uskedalen frå Urrangsvåg. Torgeir hadde med og gjera seg klar for ein halvtimes luftig tur over dei mektige fjella rundt Uskedalen.

Turen gjekk fyrst til Mannsvatn der ein fekk sjå SKL sitt arbeid med demningen og inntaket i Tverrelva. Så bar det innover Tverrfjell, Gråfjell, over Matrefjorden, tilbake over Ulvanoso, Fagerdalen, Englafjell, Manen og med retur inn Storsund og tilbake til startpunktet. Piloten og lastemannen vart så invitert inn på kaffe og kake.

Torgeir med øyreklokker og mikrofon.

Jubilanten likte turen. Det var mykje snø i fjellet. Store flyttblokker ( steinar ) ved Geitavatn på Englafjell var dekte av snø. Alt var sletta. Ein såg berre mønet i taket av Eikehytta ved Jorsvatn. Torgeir har vore mykje i fjellet. Han er ein aktiv jeger. Kvart år er han på hjortajakt i lia under Englafjell. På vinteren går det i skogsarbeid.

Det vart ein minnerik fødselsdag.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Johannes Kaldestad