Brannen på Eikelandet for eit år sidan og særleg brannen i Hemsedal nyleg har aktualisert branntryggleiken i burettslag. Det er noko av bakgrunnen for at Uskedal Branntropp la inn synfaring i Beinavikjo for å sjå og gjera seg kjend med bustadmassen i det som er Sameiga Uskedalen Brygge. Dei 20 seksjonane i eit tett bufellesskap vert definert som krevjande brannobjekt. Det går særleg på varsling, høgde og evakuering. Branntroppen med brannmeister Tor Øystein Myklebust gjorde seg kjend med skilting og plassering av bygga og seksjonane.

Høgde, særleg på sjøsida, kan vera ei utfording. Det gjeld både for evakuering og tilgang med brannutstyr.

Det var særleg fokus på evakuering og tilgang for brannvernet dersom det oppstår brann. Ved eit seinare høve vert det lagt inn ei brannøving med alarm,utrykning og tilgang til vatn. Styret i Sameiga Uskedalen Brygge og branntroppen ser på synfaringa som svært nyttig, ågså som ein del av lokal HMS plan.

Høgdeskrekk er ikkje eit tema om ein skal vera brannmann.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal