Branntroppen la på vatn - isen i ballbingen vil ha lengre levetid.
Tre menn frå branntroppen i Uskedalen kom til ballbingen i går kveld og la på meir vatn. Dette gjer at isen vert tjukkare vil ha ei lengre levetid sjølv om det truleg vert noko mildare i neste veke. Ballbingen med is er den nye samlingsplassen på dag- og kveldstid. Islegginga har vore vellukka på alle måtar. Skeiseferdighetene er i synleg framgang dag for dag.

Per Korsvold er godt nøgd med interessa. Dett er merkbart at bygdefolket set pris på tiltaket. Born i ulike aldersgrupper kjem og brukar ballbingen. Foreldra er ofte med og ser på. Alt i alt fører dette til eit sosialt fellesskap.
Korsvold nyttar høve til å takka branntroppen for innsatsen i går kveld. No er det å kryssa fingrane for at temperaturen held seg og at isen kan brukast enno ei veke.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Per Korsvold