Sundag 25. april vart eit hus og eit naust totalskadd i ein dramatisk brann på Eikelandet. Årsaka var propaneksplosjon. I denne veka, to månader etter, vert branntomta rydda og planert. Seksjonen på Eikelandet Brygge vert bygd opp nøyaktig slik den var. Uskedalen.no er ikkje kjend med kva bygg om kjem på nabotomta, men det vert truleg eit naustbygg tilpassa bygningsmiljøet rundt.

Det er Geir Rusten sitt firma som er ansvarleg for ryddinga. Sigmund Myklebust står for riving, oppryddding og bortkøyring. I førre veke vart gjenverande takstein plukka ned. Ei oppbygging omfattar også deler av kaifundament og dekke.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal