
For mykje usikkerhet i rapporten om brannstasjonane. Det går truleg mot utsetjing.
Saka om ny brannstruktur i Kvinnherad vert truleg utsett i Kommunestyremøte på torsdag. Det er slik vi tolkar orføraren i sitt innlegg på Ope møte i Uskedalen i kveld. Ein må vera sikker på grunnlaget før avgjer. Difor vil koalisjonen koma med framlegg om utsetjing. Usikkerheten går på mangelfull utgreiing, særleg i høve til Arbeidstilsynet sine merknader. Prosessen har heller ikkje vore god. Dette går særleg på knapp tid frå saka var oppe i PTM utvalet til saka no kjem i Kmmunestyret alt på torsdag.

Mindretalet ved Frp, MDG, INP, SP og SV vil ha saka avgjort no. Det har vore nok usikkerhet omkring denne saka. Det kan stå på ei røyst for å sei nei til nedlegging i Uskedalen.
Gunn Mari Moberg informerte til opning om arbeidsgruppa sitt arbeid. Alt i oktober i 2024 var arbeidsgruppa på plass. Dei las seg opp på ROS- og bredskapsanalysar og fann etterkvart ut at det var feil å finna i rapporten som ligg til grunn for saka. Arbeidsgruppa har hatt møte med administrasjonen og politisk nivå.

Hans Reidar Kjærland synte til St.melding 15 og målsetjinga om 0 visjonen for omkomne ved brann. Oppgåva til Kvinnherad Brann og redning skal arbeida utfrå overordna målsetjingar om å redusera tap av menneskeliv, dyreliv, kulturminne og materielle verdiar. Alt dette krev ein sterk beredskap.
Politistasjonssjef Sigurd Børve hadde eit godt innlegg om det komplekse samfunnet vi lever i. Ved brann, ulukker, katastrofer og personlege hendingar handlar det om rask hjelp og god kvalitet på den hjelpande tenesta. Då må det ikkje vera for lange avstandar mellom stasjonane.
Meir frå møte kjem i eige innlegg i morgon.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal