Kommunestyret skal 19. juni handsama sak om ny organisering av Brann og redning i Kvinnherad kommune. Framlegg frå Kommunedirektøren er å leggja ned brannstasjonane på Fjelberg, Åkra og Uskedalen. Som Uskedeling og tidlegare kommunepolitikar tillet eg meg å ta avstand frå framlegget frå kommunedirektøren.


Opp gjennom åra har administrasjonen i kommunen fleire gonger fremja sak om å leggja ned Uskedal brannstasjon. Like mange gonger har politikarane vedteke at stasjonen skal oppretthaldast. Administrasjonen ser som si oppgåve å spara pengar på nokre område, slik at dei kan bruka meir på sentraliseringa til Husnes og Rosendal.


Men denne saka skal ikkje avgjerast av administrasjonen. Det er ei politisk sak. Det er politikarane som vedtek om det skal vera branntropp i Uskedalen. Ein branntropp som gong etter gong har synt kor viktig det er med rask utrykning og lokalkunnskap. Ein branntropp som ligg midt mellom Rosendal og Husnes og som raskt kan vera til hjelp i situasjonar i andre bygder.


Branntroppene, som dei i dag har i Åkra, Fjelberg og Uskedalen, treng ikkje vera ekspertar på å opna bilvrak, handtera flystyrt og andre sjeldne oppgåver. Dei skal vera raske på utrykning til brann og ulykker – for å redda liv og verdiar. Ein brannstasjone i bygda betyr mykje for tryggleiken som folk opplever.

Eg vil minna politikarane på at Uskedal er ei bygd med ca like mange innbyggjarar som i Rosendal. Vi er ei bygd som har langt fleire innbyggjarar enn Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy til saman. Det er vel ikkje for mykje å be om at noko av skatteinntektene frå vår bygd, kjem tilbake til bygda.


Om brannstasjonen vår vert nedlagt, vil dette skapa eit djupt sår i «bygdesjela». Eit sår som gjer at vi ikkje gløymer kven vi skal stemma på ved neste kommuneval.
Kjell Yri.

Tekst: Kjell Yri
Foto/nett: Kristian Bringedal