Brann i bubil i Uskedalen - brannen er sløkt.
Vest Politidistrikt melder kl. 06.10 i dag, måndag 21. oktober, om brann i bubil i Uskedalen. Brannvernet frå stasjonane Husnes og Uskedalen er på plassen. I samtale med operasjonsleiar i Kvinnherad Brann og reding på NRK Hordaland kjem det fram at brannen er sløkt. Det er vakt på staden. Sterk vind har ført til at bubilen vart flytta 4 – 5 meter. Det var tett på to hus. Det var ingen i bilen når dette skjedde. Det er ikkje meldt om personskade i samband med hendinga. Bubilen stod på privat tun på nedre Feet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Jarle Håvik - Grenda/ skjermdump frå NRK