Bra Lunsj leverer all mat til Festidalen.
Det er 4. året på rad at Bra Lunsj leverer mat til Festidalen. Det gjeld all levering, mellom anna til frivillige, artistar, riggjengen og til gjestene som kjem på festivlen. Dagleg leiar i Bra Lunsj, Tommy Person, er godt nøgd med oppdraget. Totalt legg han opp til 4000 porsjonar. Det meste går på hamburgerer, raps og steikte pølser. På frivilligsamlinga i går var det mat til 120 personar.

Bra Lunsj produserer og gjer maten klar for utkøyring frå Halsnøy. Tommy Person har også avtale om levering til TysnesFest om to veker. Tommty gjer det meste av arbeidet sjølv. På Halsnøy er ein person med i produksjonen. I tillegg kjem tilsette ute på kvar avdeling. Bra Lunsj opererer i tre kommunar, Bømlo, Stord og Kvinnherad.

I ei tid då vil alle er opptekne av matsvinn fortel Tommy til uskedalen.no at det noko ein har i tankane ved levering. Matsvinnet skal ned. Når han veit talet det er tinga mat til, bommar han sjelda på ei levering. God erfaring som kokk frå plattformer, hotell og catering gjer at han sjeldan bommar på ei levering.
Tommy Person rosar gjengen som står bak Festidalen. Godt samarbeid og god atmosfære gjer at det er triveleg å få levera mat til Festidalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal