Børnesplanen ut på ny høyring.
I orientering frå ordføraren til kommunestyre i møte i dag kom det fram at Detaljregulering Børnes Næringsområde må ut på ny høyring. Bakgrunnen er vedtaket om dialogmøte mellom politisk gruppe og referansegruppa. Drøftingane mellom partane har ført til endringar i planutkastet. Dette er endringar som krev ny høyring. Ordføraren avslutta sin informasjon med å sei at endringsdokumentet er klar for overlevering til Kommunedirektøren.
Så langt uskedalen.no kjenner til, er arealdelen i Mørkevågen teken inn att i planen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Frå planutkaset