Plan Detaljregulering for Børnes Næringsområde er sak til neste Kommunestyremøte. Det er 2. gongsførehaving og ein reknar med å få planen vedteken utan nye høyringar. Det har vore ein lang og omstendeleg prosess med mange møte, merknader og justeringar. No ser det ut som om planen er klar for eit endeleg vedtak. Det er mellom anna lagt inn justeringar i høve til steinknusing på område. Mørkevågen er på nytt lagt inn i planen. Les meir om nokre viktige justeringar:

Skissen syner planområde der Mørkevågen er lagt tilbake i planen.


• Det er sett byggegrense i gjeldande kommuneplan i området, og denne er justert i reguleringsplanen, særleg i nordvest (lengre frå) og nordaust (nærmare sjø).
• Topografien i området gjer at det er valt å regulere viktige grøntdrag mot Mørkevågen i vest.
• Ein tilrettelegg for at tilhøyrande teknisk anlegg kan planleggjast med felles tilkomst og vegløysing.
• Hovudvegane i næringsområdet er dimensjonert for semitrailer, med 7 meter vegbreidde og der det er regulert fortau er breidda 2,5 meter. Andre næringsvegar er regulert med 6 meter breidde, og veg fram til kommunal slamavkiljar er regulert med ca. 5 meter breidde utan fortau.
• Parkeringsløysinga i planområdet er justert i samsvar med krav i kommuneplanen sin arealdel. Denne justeringa er tatt inn i føresegna for å samsvara med parkeringsbehovet på Børnes.
• Byggehøgda er også i vesentleg grad bevart frå tidlegare.
• Forureina massar ved nye tiltak i sjø i områda skal dekkast eller deponerast på godkjent måte.
• For å få i stand ein fleksibel plan er det gjort mogeleg at kaiane kan byggjast samanhengande.
• Tekniske innretningar og utliggjarar for betjening av bakanforliggjande kai er tillate.
• Føresegna om støy i planområdet har blitt tydelegare definert slik at støygrensene blir overhaldne.
• Det er lagt inn justeringar kring steinknusing i føresegna. Det vert ikkje opna for permanent steinknuseverk innanfor planområdet. Overskot av stein og massar, som ikkje er naudsynt for å etablera områda BN7, BN8 og BN9, skal fraktast ut frå næringsområde for vidare behandling. Overskotsmassane må fraktast til godkjent knuseverk, depot eller byggeplass utanfor planområdet.
• Lagring på planområdet skal skjermast mot omgjevande.

Det er mellom anna ikkje tillate med vesentleg auka aktivitet i industriområdet før avkøyringa frå fv. 500 vert utbetra.
Planavdelinga vurderer at endringane, som er gjort etter offentleg ettersyn, ikkje er så omfattande at planen må ut på ny høyring og nytt offentleg ettersyn.



Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone Hans Ordin Østebø
Kjelde: Saksframlegg til K.styret  15.09.22