Borna sin dag med pumptrack, klatring og andre aktivitetar.
Det var borna sin dag og mykje Liv og lyst i Uskedalen i dag. Bygdadagen var på alle måtar vellukka, ei nyskaping i regi av bygdeutviklingsprosjektet LivOGLyst med ei dyktig styringsgruppe som har regien med god planlegging og gjennomføring. Det var ei fin blanding med standar frå verksemder og organisasjonar i Uskedalen. Det meste er tufta på frivillighet og idealisme. Mest merksemd fekk opninga av den nye rulleparken. Eige innlegg seinare. Born i klatreveggen er alltid like populært. Nytt for mange var Musland Maskin sitt innslag der borna fekk prøva seg som maskinførarar. To musikatar frå Skulemusikken stod for vakre duettar, eit godt innslag i arbeidet med rekruttering. Brannbilen samlar alltid mange born. Fleire innlegg med mellom anna kunngeringar frå tippekonkurransar m.m. kjem etter kvart.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal