Årsmeldinga til Uskedal Bondelag fortel om stor aktivitet og eit stabilet medlemstal rundt 60. Stian Haugland er attvald som leiar. Sjå meir om styret og tillittsverva dei har under. På årsmøte var det gode drøftingar, mellom anna om biogass, forsøksfelt for sprøyting med drone og metanhemmera. Det siste er nytt for mange. Det er så langt vi veit, noko ein er pålagt å gje til alle drøvtyggera innan 2030. Meir om dette kjem i eige innlegg. Den årlege julegrauten er eit fast innslag i Uskedal Bondelag.

  • Stian Haugland – leiar
  • Eirin R. Kjærland – nestleiar
  • Kjell Arne Myklebust – kasserar
  • Ingvill Ersland Myklebust – studieleiar
  • Marita Kjærland – skrivar
  • Geir Helland – 1. vara
  • Hans Reidar Kjærland – 2. vara
  • Geir Inge Myklebust og Heidi Camilla Pdersen – valnemnd
  • Knut Olav Myklebust og Bjørgulv Eik – revisorar
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto