Det var lagt inn ei bøn for Ukraina i gudstenesta i Uskedal kyrkje i dag. Bøna er sendt frå bispekontoret til alle prosti i Bjørgvin. Sokneprest Kjetil Kringlebotten sa bøna fram som ein del av liturgien. Det er vanleg at ein legg inn aktuelle hendingar i Kyrkjebøna, men her kom Bøn for Ukraina som eit eige innslag. Slik lyder bøna:

Heilage, treeinige Gud, du som er kjelda til visdomen, freden og kjærleiken! Saman med kyrkjer i heile verda kjem vi til deg og ber: verna folket i Ukraina! Kom med di trøyst til alle dei som er redde og som er i dei krigs- og konfliktramma områda. La dei erfare din kjærleik og fred, og gjennom det finne mot til gode gjerningar. Til deg kjem vi med vår uro og ber om fred i Europa og verda. Gi leiarane i verda visdom, mot og handlekraft til å avslutte krigshandlingane, redde menneskeliv og finne fredelege løysningar. Jesus Kristus, du som er lys for verda, kom med din fred! Amen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal